Ren & Stimpy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ren & Stimpy
The-ren-and-stimpy-show-4f281fc000ecc.png
Typeanimert fjernsynsserie
Sjangerkomiserie
OpphavslandUSA
Sesongar5
Episodar52
Lengd22 minutt
Språkengelsk
SkaparJohn Kricfalusi, Jim Smith, Bob Camp, Lynne Naylor
Periode11. august 1991–
16. desember 1995
KanalNickelodeon

Ren & Stimpy, også kjend som The Ren & Stimpy Show, er ein amerikansk animert fjernsynsserie skapt av John Kricfalusi for Nickelodeon. Serien følgjer Ren, ein emosjonelt ustabil chihuahua, og Stimpy, ein godmodig men tomsete katt. Han hadde premiere 11. august 1991, som ein av dei originale tre Nicktoons-seriane, saman med Rugrats og Doug. Medan han var kringkasta, var serien notorisk kontroversiell for den svarte humoren og sjokkfaktoren sin, i tillegg til innhaldet av seksuelle undertonar og vaksenvitsar. Siste episode av serien vart send 16. desember 1995.

Ren & Stimpy fekk positiv mottaking i løpet av den opphavlege kringkastinga og utvikla raskt ein kultstatus. Serien hadde ein varig innverknad innan animerte fjernsynsseriar og bana veg for satiriske program retta mot eit meir vaksent publikum, som Beavis and Butt-Head.[1] Ren & Stimpy starta ei rekke trendar innan TV-animasjon, som å vise namna til dei medverkande på byrjinga av episodane, bruken av groteske nærbilete og eit skifte til ein rikare, meir harmonisk fargepalett.[2]

Eit biprodukt av serien, Ren & Stimpy "Adult Party Cartoon", vart send i 2003 på kanalen Spike. På grunn av forseinkingar i episodeleveringa vart berre tre episodar sende, før Spike tok heile programmet av lufta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ted Cox (31. august 2005). «TV's Turning Points: A New Book Looks at Pivotal Moments in TV History». Daily Herald. Arkivert frå originalen 2011-10-12. Henta 9. februar 2020. 
  2. Neuwirth, Allan (2003). Makin' toons: inside the most popular animated TV shows and movies. Allworth Press. ISBN 9781581152692. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Ren & Stimpy
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.