Rena leir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rena leir
Kart
Rena leir
61°08′56″N 11°23′13″E / 61.149°N 11.387°E / 61.149; 11.387
Ein soldat frå Telemark bataljon i øvingsfeltet ved Rena leir.

Rena leir ligg i Åmot kommune i Innlandet og vart oppretta som ein kavalerileir for Søndenfjeldske dragonregiment i 1997. Rena leir er den nyaste leiren i Noreg og ein av dei største leirane i Norden med om lag 2 000 soldatar. Leiren er ein del av Østerdal Garnison, saman med Terningmoen i Elverum. Dei fleste HRS-avdelingane (hurtig reaksjonsstyrke) i Hæren held til her.

Avdelingar[endre | endre wikiteksten]

Det er ein moderne leir, med mellom anna store øvingsområde (Regionfelt Austlandet og Rødsmoen skytefelt) og kampsimulatorar.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Rena leir er bygd på bakgrunn av ein arkitektkonkurranse i 1994. Leiren består av om lag 200 000 kvm bygningar med enormt bruksareal.

Leiren er bygd i betong, stål og treverk. Ubehandla furu frå Østerdalen er brukt i dei fleste fasadane i leiren, med rot i Østerdalens byggeskikk. Leiren er delt i to delar med bustader, forlegningar, velferd, messe og idrettsavdeling i ein «garnisonsby» og treningssenter, skytebanar og øvingsfelt i eitt festningsanlegg.

Arkitekt for anlegget var LPO arkitektar. Arkitektbyrået og leiren vart tildelt «Betongtavlen» i 1998.

  • Rena leir har ei av dei beste hinderløypene i verda til bruk i militær femkamp og har ein stor idrettshall med tilhøyrande basseng.
  • Vasstårnet som ruvar vel 60 meter over bakken leverer vatn til heile leiren og Åmot kommune.
  • Under dei arkeologiske undersøkingane i samband med bygginga av Rena leir vart det grave ut ein spesiell kulturminnetype som ikkje var spesielt kjent på førehand: groptufter - restar etter vinterbustader frå steinalderen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Anne Marie Stenmark m.fl., red. (1997). Rena leir. Hamar.