Renaissance av Renaissance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Renaissance
Studioalbum av Renaissance
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1969
Innspelt 1969
Studio Olympic Sound Studios, London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 39:24
Selskap Island (Europe)
Elektra (USA)
Produsent Paul Samwell-Smith
Renaissance-kronologi 
Renaissance Illusion
(1971)


Singlar frå Renaissance
  1. «Island»
    Utgjeve: 1969
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]

Renaissance er debutalbumet til det engelske progressive rockebandet Renaissance, gjeve ut seint i 1969 på Island Records i Storbritannia og Tyskland og Elektra Records i USA.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

The Yardbirds utvikla seg til The New Yardbirds (med Jimmy Page) i 1968 og så Led Zeppelin, skipa dei attverande medlemmane Keith Relf og Jim McCarty ein akustisk duo kalla Together.[2] Dei gav ut «Henry's Coming Home» med «Love Mum and Dad» på ein singel på Columbia Records i november 1968, som selde dårleg.[3]

I januar 1969 organiserte Relf og McCarty ei ny gruppe for å eksperimentere med rock, folk og klassisk musikk. I boka si Mountains Come Out of the Sky: An Illustrated History of Prog Rock, siterte Will Romano McCarty: «Mot slutten av The Yardbirds ønskte me å gjere noko meir poetisk, om du vil, noko som ikkje var så tungt. Noko meir folk-aktig. Me hadde fått nok av tung rock.»[4] Denne kvintetten — Relf på gitar og vokal, McCarty på trommer og vokal, i tillegg til bassisten Louis Cennamo, pianisten John Hawken og Jane, syster til Relf som ekstra vokalist - vart til Renaissance. Albumet vart spelt inn i 1969 og var produsert av det tidlegare Yardbirds-medlemmet Paul Samwell-Smith.[5]

Bandet hadde byrja å spele i lag i mai 1969 før dei starta innspelinga av debutplata si, stort sett i Storbritannia, men stundom òg utanlands, som festivalar i Belgia (Amougies, oktober 1969) og Frankrike (Operation 666 på Olympia i januar 1970 og Le Bourget i mars 1970, begge i Paris). I februar 1970 la dei ut på ein nordamerikansk turné, men denne gjekk berre å vidt rundt. På grunn av fortida med Yardbirds fann dei seg ofte sett i saman med band som The Kinks og den nye retninga deira med klassisk musikk gjekk ikkje heim hos publikummet som venta seg meir rocka og bluesprega musikk.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Debutalbumet til Renaissance inneheld progressiv rock med element av klassisk musikk og jazz, som var ganske nyskapande då albumet kom ut.[1]

Singelversjonen av «Island» var ei anna innspeling enn albumversjonen med kjappare tempo og meir overdubba korvokal, og ingen klassiske tema mot slutten. Denne kom ut med B-sida «The Sea», som ikkje var med på albumet. Somme CD-utgåver har med begge desse spora.

I 1998 vart Renaissance gjeve ut på ny av Mooncrest Records i Storbritannia som Innocence. Denne nyutgjevinga inneheld seks bonusspor, men innpakninga inneheldt ingen forklaringar om kva desse var.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Keith Relf og Jim McCarty, med tema av John Hawken og Louis Cennamo, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Kings and Queens»10:56
2.«Innocence»7:07
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
3.«Island» 5:58
4.«Wanderer»John Hawken, McCarty4:02
5.«Bullet» 11:21
Bonussporr på Innocence-utgåva frå 1998
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«The Sea» (B-side)Jim McCarty, Keith Relf3:05
7.«Island» (singelutgåve)Jim McCarty, John Hawken, Keith Relf, Louis Cennamo3:36
8.«Prayer for Light» (spelt inn av Relf og McCarty for filmen Schizom i 1971)Jim McCarty 
9.«Walking Away» (spelt inn av Relf og McCarty for filmen Schizom i 1971)Jim McCarty 
10.«Shining Where the Sun Has Been» (demo frå 1968 spelt inn som Together.)Jim McCarty, Keith Relf 
11.«All the Falling Angels» (demo frå 1976. Den siste innspelinga til Relf.)Keith Relf 

«Island» låne mykje frå Beethoven sin Pathetique Sonata (Piano Sonata nr.8 i c-moll Op.13, 'Pathétique' : I. Grave. Allegro di molto e con brio and III. Rondo. Allegro)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Renaissance[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eder, Bruce. «Renaissance - Renaissance review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 6. april 2020. 
  2. Brennan, Mark (1994). Turn of the Cards (CD album notes). Renaissance. Tyskland: Repertoire Records. ASIN B000000132. 
  3. Together biographyAllMusic. Henta 5. april 2020.
  4. Romano, Will (2010). Mountains Come Out of the Sky: An Illustrated History of Prog Rock (1st Ed.). Montclair, NJ: Blackbeat Books. p. 130. ISBN 978-0-87930-991-6
  5. Elliott, Russell W. «The History of Renaissance». www.nlightsweb.com. Henta 5. april 2020.