Renata Pytełewska-Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Renata Pytełewska-Nielsen
Statsborgarskap Polen
Fødd 18. mai 1966 (57 år)
Otwock
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Renata Pytełewska-Nielsen (fødd 18. mai 1966) er ein polsk-dansk tidlegare friidrettsutøvar frå Otwock som særleg utmerkte seg i lengdehopp.

Ho utvandra til Danmark i 1980-åra og representerte sidan Danmark. Som Renata Nielsen vann ho bronsemedaljen i lengdehopp ved Friidretts-VM 1993. Den 5. mai 1994 sette ho dansk rekord med 6,96 meter i eit stemne i Sevilla. Våren 1996 vann ho lengdetevlinga under innandørs-EM 1996 i Stockholm med eit bestehopp på 6,76 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]