Hopp til innhald

Renata Tebaldi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Renata Tebaldi

Fødd1. februar 1922
FødestadPesaro
Død19. desember 2004 (82 år)
DødsstadSan Marino i San Marino
OpphavItalia, Kongedømet Italia
Aktiv1944–2004
Sjangeropera
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somoperasongar
PrisarGrammy Award for Best Classical Solo Vocal Album, Knight Grand Cross of the Order of Merit of the Italian Republic, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Renata Tebaldi (1. februar 192219. desember 2004) var ein italiensk operasongar (lyrisk-dramatisk sopran) som er rekna som ei av dei største italienske songarinnene på 1900-talet.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]
Renata Tebaldi i 1949.

Renata Tebaldi blei fødd 1. februar 1922 i Pesaro i Italia. Ho var dotter av ein orkestermusikar. Trass i alvorlege sjukdommar – ho fekk polio som barn – og fattigdommen til familien, kunne ho studera song ved konservatoriet i Parma, etter fyrst å ha ønska å bli pianist. Ho debuterte som songar i 1944. Etter andre verdskrigen blei ho oppdaga som sopran av dirigenten Arturo Toscanini og promotert og engasjert på La Scala i Milano. Der tok ho del i ein berømt konsert i 1946 for å markera gjenopninga av operahuset etter oppussing på grunn av krigen.

Det kom til kiving innan stemmegruppene, med Maria Callas, som også var engasjert på La Scala. Det enda med at Renata Tebaldi flytta til USA.

Giuseppe Di Stefano og Renata Tebaldi på Teatro Opera di Roma, 1960.
Renata Tebaldi, 1974

Tebaldi hadde ei velbalansert lyrisk-dramatisk sopranrøyst, ein såkalla lirico spinto, som var spesielt eigna for til dømes dei fleste av dei store sopranpartia til Giuseppe Verdi og Giacomo Puccini. I siste halvdelen av karrieren sin blei ho vokalt rekna som ein «Falcon», ein sopran som ikkje har diskant C, naturleg nok i vokalområdet. Men sjølv under desse forholda heldt karrieren fram med suksess.

Toscanini kalla stemma hennar la voce d'angelo (‘englestemma’),[1][2] og musikkdirektøren ved La Scala, Riccardo Muti, kalla henne «ein av dei største utøvarane med ei av dei mest ekstraordinære stemmene innan operafeltet».[3]

Etter nokre mindre vellykka framføringar som Desdemona i OtelloMetropolitan Opera, siste gong 8. januar 1973, blei ho tilboden ytterlegare engasjement utelukkande som mezzosopran. Tebaldi takka nei, og operakarrieren hennar var med det stort sett over. Sidan vigde Tebaldi seg til ein lang og innhaldsrik konsertkarriere.

Tebaldi song rolla til slavejenta Liú i Turandot i Erich Leinsdorf si kjende Roma-innspeling frå 1959 mot Birgit Nilsson og Jussi Björling. Fleirtalet av innspelingane til Renata Tebaldi tel tradisjonelt som milepålar i operadiskografien og som referanse for etterfølgjande innspelingar.

Den siste songkonserten hennar var i 1976 på La Scala i Milano.[4]

Ho døydde etter lengre sjukdom den 19. desember 2004 i heimen sin i San Marino.

Den 7. juni 2014 blei Museo Renata Tebaldi opna i Busseto.[5]

  1. Maurizio Eliseo (2006). Andrea Doria: cento uno viaggi (på italiensk). Hoepli Editore. s. 107–. ISBN 978-88-203-3502-1. 
  2. «Singers on Singing : Renata Tebaldi». Hampsong Foundations. 
  3. «Opera singer Renata Tebaldi dies». BBC News. 19. desember 2004. 
  4. «Renata Tebaldi zum 80.». Die Welt online. 1. februar 2002. Henta 8. november 2011. 
  5. "A Busseto nasce il museo Renata Tebaldi", Corriere della Sera, 7. Juni 2014.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Stinchelli, Greatest stars of the opera. New, rev. 3. ed., Roma: Gremese, 2002. s. 13, 78, 80, 81, 82, 86, 136, 160, 230, 234. ISBN 88-7301-465-8.
  • Sørensen, Operalexikonet. Stockholm: Forum, 1993. S. 560. ISBN 91-37-10380-6.
  • Åstrand (red), Sohlmans musiklexikon. 2., rev. och utökade uppl., 1979. Partiell-Øyen. s. 595-596. ISBN 91-7198-025-3.
  • Casanova, Tebaldi. The voice of an angel. A biography. Dallas. Baskerville, 1995.