Renaud Lavillenie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lavilleneie under den franske friidrettsmeisterskapen 2013

Renaud Lavillenie (fødd 18. september 1986) er ein fransk friidrettsutøvar som tevlar i stavhopp. Han har vunne tre EM-gull og eitt OL-gull, og tre internasjonale meisterskapsmedaljar utandørs. I 2014 sette han innandørs verdsrekord med 6,16 meter. Frå 2009 til -13 vann han fire gullmedaljar i internasjonale innandørsmeisterskap.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 2007 forbetra Lavillenie sine personlege rekordar til 5,58 m innandørs og 5,45 utandørs. Han fekk sitt gjennombrot i 2009, då han vann gullmedaljen i innandørs-EM i Torino etter eit hopp på 5,81 m. I juni 2009 gjekk han over 5,96 i eit stemne i Clermont-Ferrand, og under EM for lag 2009 i Leiria ei veke seinare sigra han og sette ny personleg rekord med eit hopp på 6,01 meter. Det var samstundes ei forbetring av den franske rekorden til Jean Galfione med tre centimeter.

Lavillenie vart europameister i 2010 og forsvarte EM-tittelen i 2012. Ein månad etter EM 2012 vart han olympisk meister i London, begge gongane svinga han seg over 5,97 meter og klarde dermed ei høgde meir enn tyske Björn Otto, som begge gongane var hans sterkaste konkurrent. Den 27. juli 2013 forbetra Lavillenie sin personlege rekord til 6,02 m. Under VM 2013 i Moskva stoppa Lavillenie på 5,89 m og vart overraskande slått av Raphael Holzdeppe frå Tyskland, som gjekk over same høgda i eit tidlegare forsøk.

Den 15. februar 2014 sette Lavillenie innandørs verdsrekord med 6,16 m under ei tevling i Donetsk og sletta dermed Serhij Bubka sin rekord, som vart sett i same hallen 21 år tidlegare. Under EM i friidrett 2014 i Zürich vann Lavillenie sin tredje strake EM-tittel.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]