Rendalen kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rendalen kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hedmark
Adm.senter Rendalen
Areal 3 180 km²
 - land 3 072 km²
 - vatn 108 km²
Folketal 1 881 (1. januar 2016)
Folketettleik 1 / km²
Målform Bokmål
Ordførar Norvald Illevold (Ap)
Kommunenummer 0432
NO 0432 Rendalen.svg
Wikimedia Commons: Rendalen

Rendalen er ein kommune i Hedmark fylke. Kommunen grensar i nordvest mot Alvdal og Tynset, i nord mot Tolga, i aust mot Engerdal, i sør mot Trysil og Åmot, og i vest mot Stor-Elvdal.

Rendalen kommune omfattar det meste av Rendalen, ein sidedal til Østerdalen. Kommunen omfattar i tillegg den nordlege delen av Storsjøen, store fjellområde aust for Rendalen og ein mindre del av sjølve Østerdalen. Naturen er karrig med mykje sandgrunn og furuskog. Kommunen er 3174 km2 stor, og er dermed den største i Sør-Noreg. Hovudnæringar er jordbruk og skogbruk, men òg turistnæringa aukar på. På Renåfjellet er det raskt veksande hyttefelt og alpinanlegg. Verdt å sjå i Rendalen er mellom anna Jutulhogget, Bull-museet, Fiskevollen og Sølen.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.