Rennesøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rennesøy herad)
Tidlegare Rennesøy kommune
Komm.nr. 1142
Fylke Rogaland fylke
Slått saman med Stavanger kommune
Dato for samanslåing 1. januar 2020
Adm.senter Vikevåg
Areal 65 km²
Folketal ved samanslåing 4 849
Politikk
Siste ordførar Dagny S. Hausken (Sp)
Målform nynorsk
Nettstad rennesoy.kommune.no
Kommunevåpen

Rennesøy er ein tidlegare kommune i Rogaland fylke, i Ryfylke. Kommunen vart slått saman med Stavanger kommune 1. januar 2020. Åtte øyar gjorde ut for arealet på 65 km² i kommunen. Dette var Rennesøy, Mosterøy, Bru, Fjøløy, Klosterøy, Vestre Åmøy, Sokn og Brimse. Utstein kloster frå mellomalderen ligg på Mosterøy.

Vikevåg var administrasjonssenter i kommunen. Folketalet per 1. januar 2018 var 4 849.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Rennesøy (venstre) og Mosterøy (høgre).