Repparfjorden

Koordinatar: 70°29′58.920″N 24°11′25.876″E / 70.49970000°N 24.19052111°E / 70.49970000; 24.19052111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

70°29′58.920″N 24°11′25.876″E / 70.49970000°N 24.19052111°E / 70.49970000; 24.19052111

Repparfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Hammerfest
Kart
Repparfjorden
70°29′59″N 24°11′26″E / 70.4997°N 24.19052111°E / 70.4997; 24.19052111

Repparfjorden (samisk Riehpovuotna) er ein fjord i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 13 km søraustover til Oldernes i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Tappen i sørvest og bygda Klubbukt i nordaust og ligg like søraust for Kvaløya ved Kvalsundet og tettstaden Kvalsund. Halsen er ei bygd som ligg like ved Tappen, og rett søraust for Tappen igjen ligg bygda Slettelv. Grenda Oldervik ligg på austsida litt innover fjorden. Fægfjord er ei anna grend på sørvestsida eit godt stykke inn i fjorden.

Fjorden er 127 meter på det djupaste, i midten av fjorden like innanfor munningen.

Riksveg 94 går langs heile sørvestsida av fjorden, medan Fv134 går langs nordaustsida.