Republikanerne av Welhaven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ved Barrière de la Santé
ligger en ydmyg liden Kaffee.
En gammeldags Stue er al dens Plads,
der er ei Forgyldning, der bruges ei Gas.
Den har en Søgning, der ſjelden briſter,
af Etudianter og ſmaa Artiſter;
og kommer ei disſe, da eier den dog
en ſtillere Gjæſt i ſin dunkle Krog.
Der vandrer omkring i den ſtraalende Stad
en ſkibbruden Flok, der aldrig er glad;
der møder dem Ingen med Smil eller Nik;
de færdes i Sværmen med ſlukkede Blik.
Pauvres honteux! de ſøge et Hjem;
en ringe Kafé er det bedſte for dem.

«Republikanerne» er eit dikt frå 1832 skrive av Johan Sebastian Welhaven. Det er eit av dei best kjende dikta til Welhaven, og inneheld den kjende og ofte siterte avslutningslinja «De hadde champagne, men rørte den ei.».

Welhaven gav diktet ut i bokform i 1839.[1] Ein noko modernisert versjon vart utgjeven i 1873 i antologien Norsk Lyrik : 1814-1873 i Udvalg.[2]

Diktet tek for seg den politiske situasjonen like etter slaget ved Ostrołęka (Ostrolenka), der russarane knuste det polske opprøret. Handlinga spelar seg ut på ein kafé i Paris som var hyppig vitja av dei unge revolusjonære studentane.

Ein av desse reiser seg for å halda ein flammande tale om det polske opprøret då ein ukjend mann reiser seg og minner om slaget ved Ostrolenka, der han var med. Dei bitre orda hans dempar dei unge idealistane, som til slutt lèt champagnen stå urørt på bordet.

Tolking[endre | endre wikiteksten]

Diktet har blitt tolka som ein harmdirrande spott over dei tome frasene som pregar fridomstankane til dei unge studentane. Den ukjende mannen har kjempa og lidd for fridomen, medan dei høgrøysta studentane ikkje gjer meir enn å sverme for saka med sangvinsk glød.[3][4] Ifølgje professor Lorentz Dietrichson skal den finske fridomskjemparen August Myhrberg, som Welhaven visstnok møtte i Paris, vore modell for mannen som går i rette med studentflokken.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Welhaven, J.S. Digte. i Commission hos Johan Dahl. 
  2. Kristian Winterhjelm (red.) (1873). «Norsk Lyrik: 1814-1873 i Udvalg» (på norsk). Cammermeyer. Henta 29. mars 2018. 
  3. Wilkens, Maria Anette (1972). Norsk for gymnaset. Dreyer. s. 97. ISBN 8209021036. 
  4. Saugstad, Per (1967). J.S. Welhaven. Gyldendal. s. 30. 
  5. Ording, Fr. (1911). Norsk litteratur. Aschehoug. s. 166-167. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource RepublikanerneWikikilden (frie originaltekstar)