Republikken Kina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Folkerepublikken Kina
[endre]
中華民國
Zhōnghuá Mínguó

(norsk: Republikken Kina, taiwansk)

Det taiwanske flagget Det taiwanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Folket sine tre prinsipp»
Geografisk plassering av Republikken Kina
Offisielle språk Mandarinkinesisk
Hovudstad Taipei (de facto)
Nanjing (de jure)
Styresett
Republikk
Ma Ying-jeou
Jiang Yi-huah
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
35 980 km² (136.)
2,8 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
23 113 901 (51.)
642,4 /km² (9.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Respektert
Frå Wuchang-opprøret
10. oktober 1911
1. januar 1912
Nasjonaldag 10. oktober
BNP
 – Totalt (2005)
 – Per innbyggjar
 
629 858 mill. USD (17.)
27 122 USD (23.)
Valuta Ny taiwansk dollar
Tidssone UTC +8
Telefonkode +886
Toppnivådomene .tw


Republikken Kina, kinesisk Zhōnghuá Mínguó, i dag oftast omtalt som Taiwan, er ein stat som omfattar øya Taiwan i Stillehavet og nokre mindre øyar, blant dei Pescadorerna, Jinmen og Mazu. Republikken Kina gjer også krav på det kinesiske fastlandet, som sidan 1949 har vore kontrollert av Folkerepublikken Kina. Om lag 22 millionar innbyggjarar bur i den delen av Kina som er kontrollert av Republikken Kina.

Den provisoriske hovudstaden til Republikken Kina er Taipei, og regjeringa har hatt sete her sidan 1949. Offisielt vert byen Nanjing på fastlandet, som no er ein del av Folkerepublikken Kina, rekna som hovudstaden.

Republikken Kina vart grunnlagd etter at keisardømet fall i 1911. Nasjonalistregeringa Guomindang kontrollerte det meste av Kina fram til 1949. Etter ein langvarig krig fekk dei kinesiske kommunistane kontrollen over det meste av Kina. Guomindang-regjeringa under leiing av Jiang Jieshi flykta då til øya Taiwan. Republikken Kina gjer krav på å representere heile Kina, og styret der var internasjonalt godkjent som lovleg representant for Kina heilt fram til 1971, då republikken mista Kinas plass i FN til fordel for Folkerepublikken Kina.

Verken regimet i Beijing på fastlandet eller Guomindang-partiet på Taiwan godtek at Taiwan er ein eigen stat, og begge gjer krav på å representere heile Kina. Andre taiwanesarar vil heller at Taiwan skal vere eit sjølvstendig Taiwan, men ikkje gjere krav på å representere heile Kina, slik namnet «Republikken Kina» framleis er eit tydeleg signal om.

Kart over Republikken Kina