Republikken Kypros
| Κυπριακή Δημοκρατία Kıbrıs Cumhuriyeti Republic of Cyprus (norsk: Kypros, kypriotisk) | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
| Nasjonalsong | «Ýmnos pros tin Eleftherían» | ||||||
| Motto | Ukjent | ||||||
| Offisielle språk | Gresk, tyrkisk og engelsk | ||||||
| Hovudstad | Levkosía (Nikosia) | ||||||
| Styresett |
Republikk Níkos Anastasiádis | ||||||
| Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
9 251 km² (165.) Ubetydeleg | ||||||
| Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
1 221 549 (157.) 132 /km² (68.) | ||||||
| Sjølvstende - Dato |
Frå Storbritannia 16. august 19601 | ||||||
| Nasjonaldag | 1. oktober | ||||||
| BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
27 260 mill. USD (129.) 33 300 USD (40.) | ||||||
| Valuta | Euro | ||||||
| Tidssone | UTC +2 | ||||||
| Telefonkode | +357 | ||||||
| Toppnivådomene | .cy | ||||||
|
1 Ikkje anerkjent av Tyrkia | |||||||
Republikken Kypros (gresk Κυπριακή Δημοκρατία Kypriakí Dimokratía, tyrkisk Kıbrıs Cumhuriyeti) er ein øystat aust i Middelhavet, 113 km sør for Tyrkia og rundt 12 mil vest for kysten til Syria. Sidan ein tyrkisk invasjon i 1974 har øya Kypros de facto vore delt i ein gresk og ein tyrkisk del, Republikken Kypros og Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Nord-Kypros er ikkje internasjonalt anerkjent av andre land enn Tyrkia. Kypros har vore medlem av EU sidan 2004.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Kypriotisk geografi.
Republikken Kypros utgjer dei sørlege to tredjedelane av øya Kypros. Landskapet i republikken består hovudsakleg av to område: Tróodosfjella i vest og sletta Mesaoría i aust. I Troodos ligg fjellet Ólymbos, som er det høgaste fjellet på øya med ei høgd på 1 952 meter. Den delte hovudstaden Levkosía ligg om lag midt på Mesaoríasletta.
