Republikken Makedonia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Republika Makedonija
Република Македонија

(norsk: Makedonia, makedonsk)

Det makedonske flagget Det makedonske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Denes Nad Makedonija (I dag over Makedonia)»
Motto Ukjent
Geografisk plassering av Makedonia
Offisielle språk Makedonsk1
Hovudstad Skopje
Styresett
Republikk
Gjorge Ivanov
Nikola Gruevski
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
25 713 km² (147.)
1,9 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2002)
 – Tettleik
 
2 082 370 (143.)
2 022 547
81 /km² (111.)
Sjølvstende
8. september 1991
Nasjonaldag 2. august
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
19 460 mill. USD (125.)
9 400 USD (91.)
Valuta Makedonsk dinar
Tidssone UTC +1
Telefonkode +389
Toppnivådomene .mk

1Alle språk som snakkast av minst 20% av innbyggjarane i ein kommune er offisielle språk i den kommunen. Dette inkluderer språk som albansk, tyrkisk, serbisk, romanés, osb.

Republikken Makedonia eller berre Makedonia er eit land på Balkan søraust i Europa som grensar til Serbia og Kosovo i nord, Hellas i sør, Albania i vest og Bulgaria i aust.

Republikken Makedonia utgjer om lag 35,8 % av heile regionen Makedonia og 40,9 % av innbyggjartalet. Hovudstaden er Skopje med om lag 500 000 innbyggjarar. Av andre mindre byar finn ein Bitola, Kumanovo, Prilep, Tetovo, Ohrid, Veles, Štip, Kočani, Gostivar og Strumitsa. Landet har meir enn femti naturlege og kunstige innsjøar og seksten fjell høgare enn 2 000 meter over havet.

Landet er medlem av SN og Europarådet, i tillegg til La Francophonie, Verdshandelsorganisasjonen (WTO) og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa. Sidan desember 2005 har landet òg vore ein kandidat for EU og NATO.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Makedonia er kjend som Makedonija (Македонија) eller Republika Makedonija (Република Македонија) på makedonsk. På engelsk er namnet på landet «The former Yugoslav Republic of Macedonia» (forkorta FYROM, FYRoM eller F.Y.R.O.M.). Det engelske namnet og forkortingene vert ofte nytta i internasjonal samanheng; på norsk i forma Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia (makedonsk Πоранешна Југословенска Република Македонија, Poranešna Jugoslovenska Republika Makedonija). Det kompliserte formelle namnet kjem av striden om namnet Makedonia mellom Hellas og republikken Makedonia. Makedonia i Hellas er eit område nord i Hellas utgjort av tre provinsar. Hellas meiner at Makedonia er eit gresk namn. I tillegg er Hellas redd for at Republikken Makedonia skal ynskja å utvida landområdet sitt til heile regionen Makedonia. I regionen er det mest slavisk folkesetnad. Som eit kompromiss vart republikken Makedonia i 1993 anerkjend av Dei sameinte nasjonane under FYROM-namnet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Makedonsk geografi.
Korab, det høgaste fjellet i landet.
Fjelltoppen Solunska Glava i Jakupitsa om våren

Repulikken Makedonia er omgjeve av land og er geografisk klart definert av ein sentral dal der elva Vardar renn gjennom med fjellkjeder på kvar side av dalen.

Det meste av terrenget i republikken er kupert. I vest ligg fjellkjeda Šar Planinia, medan Osogovo ligg i aust. Dei tre store innsjøane Ohridsjøen, Prespasjøen og Dojransjøen ligg heilt sør i landet og grensa til Albania og Hellas går gjennom desse. Ohridsjøen vert rekna som ein av dei eldste innsjøane og biotopane i verda[1]. Regionen er seismisk aktiv og har hatt særs kraftige jordskjelv gjennom tidene. Det siste store jordskjelvet i landet råka Skopje i 1963 og tok livet av over tusen innbyggjarar.

Interaktivt kart over Republikken Makedonia

Klima[endre | endre wikiteksten]

Makedonia har eit klima som er ganske likt Sentral-Europa med kalde vintrar og varme somrar. Sommaren er den våtaste tida på året, men har meir sol og er tørrare enn t.d. Albania i vest. Vinteren er òg tørrare, kaldare og meir skya enn Albania. Mykje av landet er fjellområde og høgareliggande område, som kan få ein god del snø. Skopje har ein nedbørsnormal på 508 mm i året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.