Resava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Resava (Ресава)
elv
Land  Serbia
Nedslagsfelt 685 km²
Lengd 65 km
Kjelde Fjellet Beljanica sentralt i Serbia
 - høgd 1 100 moh.
Munning Velika Morava, vest for Svilajnac
Kart
Resava
44°14′46″N 21°10′23″E / 44.24608333°N 21.17305556°E / 44.24608333; 21.17305556
Wikimedia Commons: Resava

Resava (serbisk Ресава) er ei elv sentralt i Serbia og ei 65 km lang sideelv til Velika Morava frå høgre. Ho har gjeve namn til den omliggande regionen Resava og klosteret Resava monastery.

Resava spring ut frå regionen Homolje aust i Serbia i ei høgd på 1100 moh. Resava har grave ut ei 25 km lang og 400 meter djup kløft. I kløfta vert elva ei slukelv og dannar eit 25 meter høgt fossefall, eit av dei høgaste i det sentrale Serbia.

Etter kløfta renn elva ut i regionen med same namn og tar imot den største sideelva si, Resavica nær landsbyen Dvorište. Ho renn forbi klosteret Manasija og regionssenteret Despotovac. og

Resava høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet og drenerer eit område på 685 km².

Kjelder[endre | endre wikiteksten]