Reseksjonsmargin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I onkologisk kirurgi er reseksjonsmarginen ein margin av tilsynelatande friskt vev som vert resesert (fjerna) frå området rundt ein tumor. Reseksjon er eit forsøk på å fjerne kreftsvulstar utan at den vondarta veksten strekker seg forbi marginen til svulsten eller det omfemnande vevet. Den reseserte vevsmassen vert eksaminert under mikroskop av ein patolog. Viss kreftcellene har nådd den ytre marginen vil det minska sannsynet for å oppnå ønska resultat.

Den sirkumferensielle eller sirkumferente reseksjonsmarginen (CRM) er avstanden frå ein endetarmssvulst til reseksjonsplanet (mesorektal fascie) i eit tverrsnitt av endetarmen (rektum). Ein fullstendig reseksjon av endetarmskreft blir utført når CRM er > 2mm, og marginen vert fastsett med MR. På denne måten kan radiologen estimere storleiken på marginen og finne områdene der radikal reseksjon er naudsynt.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Circumferential Resection Margin» [Sirkumferensiell reseksjonsmargin]. Encyclopedia of Diagnostic Imaging (på engelsk) (Springer Link). 2008. s. 346. Henta 19. november 2014. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.