Reseptregisteret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Reseptregisteret er eit reseptbasert lækjemiddelregister som har vore i drift i Noreg sidan 1. januar 2004. Alle reseptar vert registrerte i Reseptregisteret, eit sentralt helseregister som er oppretta med heimel i Helseregisterlova. På oppdrag frå Helsedepartementet har Folkehelseinstituttet fått ansvaret for etableringa av det reseptbaserte legemiddelregisteret.

Grunnlaget for registrering[endre | endre wikiteksten]

Lækjemiddel er den vanlegaste behandlingsforma i helsevesenet, og rett bruk er viktig for trivnad, helse og livskvalitet blant folk. For å fremja rett bruk av lækjemiddel, er det naudsynt å vita korleis dei vert brukte.

Ein ønskjer å vita kor mykje lækjemiddel som vert brukte av kvinner og av menn i ulike aldersgrupper, kor lenge dei einskilde lækjemidla vert brukte av kvar pasient, kor mykje som vert brukt i og utanfor sjukehus, osb.

Opplysingar som vert registrerte[endre | endre wikiteksten]

Reseptregisteret inneheld opplysningar frå alle apotek om utlevering av lækjemiddel til pasientar, lækjarar og institusjonar. Frå pasientreseptar vert desse opplysingane samla inn:

Kven som skal bruka Reseptregisteret[endre | endre wikiteksten]

Forskarar[endre | endre wikiteksten]

Forskarar skal bruka statistikk og informasjon frå Reseptregisteret for å sjå på positive og negative verknadar av legemiddelbruk. Saman med data frå andre helseregister vil verdfull kunnskap kunna hentast ut.

Lækjemiddelstyresmakter[endre | endre wikiteksten]

Styresmaktene skal bruka statistikk frå Reseptregisteret til overordna tilsyn, styring og planlegging. Bruk av lækjemiddel må følgjast opp på ein systematisk måte av omsyn til pasienttryggleik og folkehelse.

Ålmenta[endre | endre wikiteksten]

Ålmenta skal få tilgang til statistikk frå Reseptregisteret på ei offentleg nettside. Alle interesserte skal kunna finna opplysingar om bruken av lækjemiddel i den norske populasjonen.

Personvern[endre | endre wikiteksten]

Pasienten sitt fødselsnummer er ei av opplysingane som vert samla inn frå reseptane, men nummeret vert ikkje registrert i Reseptregisteret. Fødselsnummeret vert i staden omdanna til eit løpenummer, eit såkalla pseudonym. Kvar person får berre eit pseudonym.

Personopplysingar skal ikkje kunna utleverast frå Reseptregisteret. Pseudonymet er derfor laga for å kunna følgja lækjemiddelbruken til den einskilde utan å kjenna identiteten. Lagra reseptopplysningar kan ikkje sporast attende til lækjemiddelbrukar.

Reseptregisteret er det første pseudonyme helseregisteret som vert etablert i Noreg. Tildelinga av pseudonym vert utførte av ein tredjepart, Statistisk sentralbyrå, før opplysingane vert registrerte. Statistisk sentralbyrå har ikkje tilgjenge til opplysingane i registeret.

Lovheimel[endre | endre wikiteksten]

Reseptregisteret er regulert med heimel i Helseregisterlova i forskrift av 17. oktober 2003 om innsamling og behandling av helseopplysninger i Reseptbasert legemiddelregister. Etter forskrifta er det ikkje høve til å reservera seg mot registrering i Reseptregisteret.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]