Resett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Resett
Resett logo.svg
TypeNettavis
Grunnlagd28. august 2017
EigararDatum Invest
Redaktør(ar)Helge Lurås
SpråkNorsk
HovudkvarterOslo
Nettstadresett.no

Resett er ei nettavis og ein mediekanal som formidlar nyhende og meiningsinnhald. Nettavisa vart lansert 28. august 2017 og Helge Lurås er ansvarleg redaktør. Talet på unike lesarar har vore på opptil 560 000 per månad.[1] Resett tar sikte på å «framstille saker frå ein annan vinkel enn etablerte massemedium, og få fram sakene som massemedia ikkje ønskjer å dekkje».[2] Nettavisa følgjer etter eiga utsegn Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.[3]

Eigarar[endre | endre wikiteksten]

I 2018 er det 21 eigarar i Resett.[4]

16 eigarer kom til i 2018; Nye aksjonærar er (2018) mellom anna finansaktørar[5] Geir Eyvind Hesselberg, Wenche Skullerud, Harald Dahl og Joakim Olsen Saunes, samt medarbeidarar i Resett.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Resett når 560 000 unike besøkende i mars 2018
  2. Øystein Aldridge, Hanne Christiansen (23. august 2017). «Med kjente milliardærer på laget starter Helge Lurås». Aftenposten. Henta 23. august 2017. 
  3. resett.no: Om oss
  4. https://www.hegnar.no/Nyheter/Naeringsliv/2018/07/Nettstedet-Resett-har-faatt-16-nye-investorer
  5. Sara Hegna Hammer. "Notert: Resetts nye eiere". Klassekampen. 2018-07-19. S. 26

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]