Resident Evil Village

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Resident Evil Village
Utviklar(ar)Capcom
Utgjevar(ar)Capcom
DistributørPlayStation Store, Microsoft Store, Steam, Humble Store, Google Stadia, App Store
Kreativt ansvarleg(e)Morimasa Sato
Produsent(ar)Tsuyoshi Kanda
Peter Fabiano
Masachika Kawata
Design(ar)Isamu Hara
Programmerar(ar)Tetsuro Noda
Masaharu Kamo
ForfattarAntony Johnston
SerieResident Evil
SpelmotorRE Engine
Plattform(er)Microsoft Windows
PlayStation 4
PlayStation 5
Xbox One
Xbox Series X/S
Utgjeving7. mai 2021
SjangerSurvival horror
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 18
Nettstadhttps://www.residentevil.com/village
Del av serien Resident Evil⠀
←Resident Evil 7: Biohazard⠀ ·

Resident Evil Village[a] er eit survival horror-spel utvikla og utgjeve av Capcom. Det er oppfølgjaren til Resident Evil 7: Biohazard frå 2017 og spelaren kontrollerer Ethan Winters som leiter etter den kidnappa dottera si. Etter eit lagnadstungt møte med Chris Redfield, endar Winters opp i ein landsby fylt av muterte skapningar. Medan Village held survival horror-elementa frå tidlegare Resident Evil-spel ved lag, innfører spelet fleire action-orienterte spelemekanikkar samanlikna med føregangaren.

Resident Evil: Village inkluderer òg ein online fleirspelarmodus. Spelet vart annonsert under PlayStation 5-avdukinga i juni 2020 og vart utgjeve 7. mai 2021 til Windows, PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One og Xbox Series X/S. Det fekk generelt positiv mottaking for spelemekanikkane, settinga og variasjonen, men kritikk for gåtene og bosskampane. Det større fokuset på action samanlikna med føregangaren fekk blanda motakking.

Merknader[endre | endre wikiteksten]

  1. Stilisert som VII.I.AGE RESIDENT EVIL. Kjent i Japan som Biohazard Village (バイオハザード ヴィレッジ Baiohazādo Virejji), stilisert VII.I.AGE BIOHAZARD.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]