Resolusjon 242 frå Tryggingsrådet i SN

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Resolusjon 242 frå Tryggingsrådet i SN vart samrøystes vedteken 2. november 1967, i etterkant av seksdagarskrigen. Han vart vedteken under kapittel VI av FN-pakta.[1] Resolusjonen vart utarbeidd av den britiske ambassadøren Lord Caradon, og vart vald før fire andre utkast som var under handsaming.[2]

Resolusjonen oppfordrar til «etablering av rettferd og varig fred i Midtausten» som kan oppnåast ved «innføringa av begge desse prinsippa: 'Tilbaketrekking av israelske væpna styrkar frå okkuperte territorium i den nylege konflikten' og 'Avslutting av alle krav eller statar i krigstilstand' og respekt for kvar av statane i området sin rett til å leve i fred innanfor sikre og godkjende grenser. Egypt, Jordan, Israel og Libanon vart med i konsultasjon med ein FN-representant over innføringa av resolusjon 242.[3] Etter først å ha fordømd han i 1967, aksepterte Syria resolusjonen i mars 1972 – med atterhald. Syria aksepterte formelt[4] resolusjon 338 frå Tryggingsrådet, våpenkvilen ved slutten av Jom Kippur-krigen, som slutta seg til resolusjon 242.[5]

Han er ein av resolusjonane frå SN som det oftast vert referert til i politikk knytt til Midtausten.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «UN Transcription of session referring to Chapter VI prior to the introduction of the Resolution Arkivert 2009-02-21 ved Wayback Machine
  2. Sjå «S/PV. 1382 Paragraph 65» for lista over utkast. Det britiske utkastet fekk nummeret «S/8247», arkivert frå originalen 2009-02-21, henta 10. februar 2009 
  3. Sjå «Security Council Document S/10070 Para 2»., arkivert frå originalen 2007-02-12, henta 10. februar 2009 
  4. «Syria's acceptance of 338», arkivert frå originalen 2008-03-06, henta 10. februar 2009 
  5. Raymond A. Hinnebusch og Alasdair Drysdale (1991). Syria and the Middle East Peace Process. New York: Council on Foreign Relations Press. s. 105, 108. ISBN 0-87609-105-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Resolusjon 242 frå Tryggingsrådet i SN ved Wikisource.