Réthymno
Réthymno Lokalt namn Ρέθυμνο | |
---|---|
![]() Den gamle venetianske hamna | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Kreta |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 397,5 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Kreta Réthymno |
Hovudsete | Réthymno (32 468 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 55 525 (2011[1]) |
Folketettleik | 140,1 /km² |
Réthymno (gresk: Ρέθυμνο), òg kalla Rethimno, Rethymnon, Réthymnon og Rhíthymnos, er ein by i periferieininga Réthymno, der han er hovudstad, på Kreta i Hellas. Byen har like over 32 000 innbyggjarar og vart grunnlagd i antikken (som Rhithymna og Arsinoe), sjølv om han aldri var ein viktig by for den minoiske siviliasjonen. Han var derimot seinare mektig noko til at innbyggjarane prega sine eigne myntar.
Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
- Réthymno
- Arkádi
- Láppa
- Nikifóros Fokás
Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 55 525 innbyggjarar, medan kommunaleininga Réthymno hadde 37 462 og tettstaden med same namn 32 468 innbyggjarar.[1]
Historie[endre | endre wikiteksten]
Réthymno byrja å vekse då ventianske erobrarar på øya ville ha ein handelsstasjon mellom Iráklio og Khaniá, og fekk sin eigen biskop og adel. I dag er gamlebyen (paliá póli) nesten berre bygd av venetianarane. Dette er ein av dei best bevarte gamlebyane på Kreta.
Venetianarane bygde ei borg her kalla Fortetza, som er eit av dei største og best bevarte på Kreta. Andre monument er Neratzemoskeen, Den store porten (megáli pórta, Porta Guerra), Piazza Rimondi (Rimmondiplassen). I dag er hovudnæringa turisme og mange bygg tilknytte dette er ført opp dei siste 20 åra.
Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Réthymno | Réthymno | 32 468 |
Violí Kharáki | Nikifóros Fokás | 2 785 |
Atsipópoulo | Nikifóros Fokás | 1 392 |
Gállos | Réthymno | 922 |
Prinés | Nikifóros Fokás | 851 |
Jeráni | Nikifóros Fokás | 821 |
Sfakáki | Arkádi | 792 |
Adelianós Kámbos | Arkádi | 680 |
Stavroménos | Arkádi | 678 |
Episkopí | Láppa | 618 |
Roussospíti | Réthymno | 569 |
Ádele | Arkádi | 489 |
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Rethymno frå Engelsk Wikipedia .