Retninga høgre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg Høgre (fleirtyding)
Ei pil som peikar mot høgre

Høgre er den retninga vi vender mot når vi snur oss med klokka eller med sola. Den motsette retninga er venstre.

Til sjøs brukar ein nemninga styrbord om høgre side av båten, orientert ut frå normal fartsretning-

Ordet høgre kjem frå av norrønt høgri, og er komparativ av høg.[1], og kan ha samanheng med ordet hag, i tydinga 'flink, hendig'. Til ordet høgre er det i mange språk i europeisk kulturkrins knytt positive eigenskapar. Det kan ha samanheng med at dei fleste menneske er sterkare og meir førlege i høgrehanda enn i venstrehanda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]