Rettkvalfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Rettkvalfamilien
Eubalaena glacialis with calf.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Infraklasse: Placentale pattedyr Eutheria
Orden: Kvalar Cetacea
Underorden: Bardekvalar Mysticeti
Familie: Rettkvalfamilien Balaenidae
Gray, 1821

Rettkvalfamilien er ein familie bardekvalar. Dei saknar bukfòrer og har eit relativt stort hovud, opptil ein tredjedel av totallengda. Sprutehòla står langt frå kvarandre og dannar ein V-forma blåst.

Familien har dei to slektene Balaena og Eubalaena med dei fire artane grønlandskval (Balaena mysticetus), nordkaper (Eubalaena glacialis), sørleg rettkval (Eubalaena australis) og stillehavskaper (Eubalaena japonica).[1]

Grønlandskvalen, nordkaperen og den sørlege rettkvalen er store og plumpe kvalar. Dei vart mykje veida på grunna spekket, olja og bardane. Rettkvalane har eit tjukt spekklag og er lettare enn sjøvatn. Drepne dyr flyt difor, og dette gjorde det mogeleg å driva veiding med handharpunar. Rettkvalane er i tillegg langsame kvalar som går høvesvist nært land. Til saman gjorde dette rettkvalane til verdifulle byttedyr, og namnet rettkvalar kjem av at desse kvalane vart rekna for å vera «dei rette» å veida på.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Churchill, Morgan; Berta, Annalisa; Deméré, Thomas (2012). «The systematics of right whales (Mysticeti: Balaenidae)». Marine Mammal Science 28 (3): 497. doi:10.1111/j.1748-7692.2011.00504.x. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.