Rettsevne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rettsevne er evna til å ha rettar og plikter. Alle menneske har rettsevne, og dette gjeld uavhengig av alder og mogningsnivå. Også eit spedbarn vil ha rettsevne, noko som blant anna inneber at det kan erverve eigedelar ved f.eks. gåve eller arv. Rettsevne må ikkje forvekslast med rettsleg handleevne, som er evna til å stifte rettar og plikter for ein sjølv. Eit spedbarn vil såleis som utgangspunkt ikkje kunne disponere rettsleg over sine eigedelar (rettar) før det har blitt myndig.

Rettsevna vil som utgangspunkt aldri kunne takast frå nokon som følgje av straffbar handling eller liknande. Somme rettar kan ein likevel bli frådømd, så som stemmerett, rett til å drive næring, rett til å ha offentleg stilling o.l.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]