Rettskrivinga av 1907

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rettskrivinga av 1907 var ei reform av norsk skriftspråk som omfatta riksmål. I samsvar med Knud Knudsen sine tankar vart skriftspråket normert etter danna daglegtale, og skriftspråket gjekk frå å vera tilsvarande dansk språk til å ta inn nokre særnorske stavemåtar. Dei viktigaste endringane var at dei harde («hårde») konsonantane p, t og k vart innført til erstatning for dei blaute («bløte») b, d og g i ei rad ord. «Løb ud paa gaden efter en kage» vart slik til «løp ut paa gaten efter en kake». Det vart òg innført dobbelkonsonantar i fleire ord og gjennomført endringar i grammatikken. Hest i fleirtal vart til hester i staden for heste og hus til hus i staden for huse. Preteritumsforma -et vart òg innført i staden for -ede, slik at kastede vart til kastet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]