Rettsleg handleevne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rettsleg handleevne er eit juridisk omgrep som omhandlar i kva grad ein person har evne til å binde seg rettsleg og påta seg ansvar, for eksempel ved avtale, testament eller inngåing av ekteskap.

Hovudregelen er at ein har slik evne viss ein er myndig, det vil seie at ein må vere over myndig alder og ikkje vere umyndiggjort.

Sinnssjuke personar som ikkje er umyndige vil likevel kunne ha avgrensningar i sin rettslege handleevne. Dersom ein sinnssjuk person inngår ein avtale, følgjer det av ulovfesta rett at avtalen kan kjennast ugyldig dersom det blir gjort sannsynleg at sinnssjukdomen har hatt innverknad på innhaldet i avtalen. Eit testament vil vere ugyldig der testator var sinnssjuk eller på annan måte var alvorleg svekka i då han skreiv under på testamentet.

På den andre sida vil personar som ikkje er myndige fordi dei ikkje har nådd myndig alder kunne ha rettsleg handleevne innan visse lovsette grenser. Verjemålslova seier at mindreårige som har fylt 15 år kan rå over pengar dei antan har tent sjølv eller fått stilt til disposisjon. Dei kan også seie opp arbeid dei har påtatt seg og ta nytt arbeid av liknande karakter. Liknande reglar gjeld for umyndiggjorte.

Umyndige personar skal ha ein verje, som skal forvalte den umyndige sine verdiar. For mindreårige vil foreldra normalt vere verje, medan umyndiggjorte vil få verje oppnevnt av overformynderiet eller tingretten. Umyndiggjering blir sett på som eit stort inngrep, og blir dermed sjeldan foretatt no. Sinnssjuke som har vist at dei mangler evne til å ta vare på seg sjølv, vil såleis i staden som regel få oppnemnt ein hjelpeverje. Hjelpeverje sitt mynde vil ofte ikkje vere like omfattande som for ein vanleg verje. Omfanget av hjelpeverje sitt mynde vil bli bestemt ved oppnemninga.

At ein disposisjon er foretatt av ein som ikkje har rettsleg handleevne blir set på som ein sterk ugyldigheitsgrunn. Dette medfører at disposisjonen ikkje kan gjerast gjeldande av medkontrahenten, sjølv om denne var i god tru (ikkje visste om den manglande handleevna).

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]