Reuben Kosgei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reuben Kosgei
Fødd 2. august 1979
Kapsabet
Yrke friidrettsutøvar

Reuben Seroney Kosgei (fødd 2. august 1979) er kenyansk tidlegare hinderløpar frå Kapsabet i Marakwet-distriktet som vart olympisk meister i 3000 meter hinder i 2000 og verdsmeister i 2001.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kosgei vann 3000 meter hinder då juniorverdsmeisterskapen 1998 fann stad i Annecy. To år seinare sprang han inn til gullmedalje i hinderløpet under dei olympiske leikane 2000 i Sydney. Sommaren 2001 sette han personleg rekord med tida 7.57,2 under eit stemne i Brussel, og han vann 3000 meter hinder i verdsmeisterskapen i Edmonton.

Ved VM 2003 i Paris kvalifiserte Kosgei seg til finalen i hindertevlinga, ein finale han ikkje fullførde. I 2006 kom han tilbake i eit stort meisterskap og tok tredjeplassen i 3000 m hinder ved samveldeleikane i Melbourne, slått i spurten av landsmennene Ezekiel Kemboi og Wesley Koech.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]