Rev i sjø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rev, grunne i sjø)
Gå til: navigering, søk
Rev rundt den filippinske øya Pamalican i Suluhavet.

Rev er ei smal grunne eller banke i havet som ikkje ligg djupare under vassoverflata enn at bårene bryt over det. Revet har ofte tilknyting til land ved å vere eit framhald av eit nes, eller det kan gå parallelt med stranda. Eit rev kan vere bygd opp av morene, stein, grus, sand, berg, og vil ofte vere ein fare for skips- og båttrafikken.

Jærens rev er ein sandtange ut i havet frå kysten av Jæren.

Ein særleg type rev, kalla korallrev, ligg ofte i ring kring ei øy i sørlege havområde, og er bygd opp av kalkskjeletta frå hovudsakleg koralldyr, men òg kalkskal frå andre organismar som til dømes kalkalgar. Revliknande korallbakkar, kaldtvasskorallrev, finst dessutan på djupt vatn fleire stader langs norskekysten, frå Hvaler til Vest-Finnmark. På kontinentalsokkelen utanfor Midt-Noreg er det funne store korallbakkar som ein reknar med er om lag 7000 år gamle.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rev i sjø