Revheim kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Revheim kyrkje
kyrkje
Revheim kyrkje
Foto: Nina Aldin Thune
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Ytre Stavanger
Sokn Hafrsfjord
Fellesråd Stavanger
Arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow
Teknikk Laft
Material Tre
Innvigd 20. september 1865
 - Endringar 1954, rest. 1993, 2013–14
Klokker 2, Olsen Nauen (1993)
Kyrkjegard Ja
Altartavle 1865
Sitjeplassar 300
Kart
Revheim kyrkje
58°57′08″N 5°38′39″E / 58.952298°N 5.64406194°E / 58.952298; 5.64406194
Wikimedia Commons: Revheim kirke

Revheim kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1865 i Stavanger kommune i Rogaland. Til grunn for kyrkja ligg typeteikningar av H.D.F. Linstow. Revheim kyrkje er soknekyrkje for Hafrsfjord og har om lag 300 sitjeplassar.[1]

Kyrkja vart restaurert og fornya i 1954, mellom anna med nytt korparti og eit nytt tilbygg mot aust. Det vart òg sett inn eit nytt altar, med altartavle måla av stavangermålaren Thoralf Gjesdal.

Revheim kyrkje vart delvis øydelagt i brann 1. august 1992 då to gutar på 17 år braut seg inn og sette fyr på altaret. I dagane før brannen vart ein kross frå ei gravstøtte utanfor kyrkja plassert opp ned utvendig på kyrkjeveggen. Brannen øydela altartavla måla av Gjesdal, og den gamle altartavla vart då teken i bruk att. Kyrkja vart gjenopna etter brannen 4. april 1993.[2]

Kyrkja vart rehabilitert i 2013–14.[3]

Revheim kyrkje har eigen kyrkjegard.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrkjesøk. Ifølgje Rogalands avis er kyrkja godkjend for 310 personar, men har ikkje plass til mange over 200.
  2. Rasmussen (1993), s. 445.
  3. Årsmelding 2014 Arkivert 2017-09-12 ved Wayback Machine. for Stavanger kyrkjegele fellesråd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]