Revillagigedo-arkipelaget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Revillagigedo-arkipelaget
Bilde frå Revillagigedo-arkipelaget.

Revillagigedo-arkipelaget er ei gruppe på fire vulkanske øyar i Stillehavet som er kjente for det unike økosystemet der. Dei ligg omtrent 390 kilometer sørvest for Cabo San Lucas, sørspissen av Californiahalvøya, og 720 til 970 kilometer vest for Manzanillo. Øyane har vore ein del av kommunen Manzanillo i den meksikanske delstaten Colima sidan 1861, men er likevel lagt under meksikansk føderal jurisdiksjon.

I juli 2016 vart Revillagigedo-arkipelaget tatt med i UNESCO si verdsarvliste.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Flyfoto av San Benedicto frå 1955.

Revillagigedo-arkipelaget ligg ca. 1350 kilometer nordvest for Acapulco.

Øygruppa er av vulkansk opphav og har eit areal på ca. 158 kvadratkilometer, dei fire øyane er:

  • Clarion, ca. 20 kvadratkilometer
  • Roca Partida, ca. 0,014 kvadratkilometer
  • San Benedicto, ca. 6 kvadratkilometer
  • Socorroøya, den største øya, ca. 132 kvadratkilometer

Det høgste fjellet er Cerro Evermann på ca. 1130 moh., som ligg på Socorroøya.

Revillagigedo-øyane er ikkje busette, med unnatak for militært personell på Socorroøya og Clarion.

Historie[2][endre | endre wikiteksten]

Socorroøya vart oppdaga 21. desember 1533 av den spanske kapteinen Fernando de Grijalva på skipet «San Loranzo» og vart først kalla Isla Santo Tomás.

1542 gjenoppdager den spanske Ruy Lopez de Villalobos øya San Benedicto og kallar ho La Anublada.

1779 oppdagar spanske José Camacho den vesle steina øya Roca. Partida og den vestlegaste Santa Rosa (Clarion).

Deretter blei øygruppa vitja av ei rekkje oppdagarar inkludert Alexander von Humboldt i 1811, og den amerikanske ornitologen Andrew Jackson Grayson, 1865.

25. juli 1861 innlemma president Benito Juárez øygruppa i delstaten Colima, og i 1957 etablerte den meksikanske marinen basa på Socorroøya. Revillagigedo er kalla opp etter Juan Vicente de Güemes, Conde de Revillagigedo II, ein tidlegare visekonge av Ny-Spania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «Archipiélago de Revillagigedo». UNESCO World Heritage Centre (på engelsk). United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization. Henta 19 July 2016. 
  2. CONANP Reserva de la Biosfera „Archipiélago de Revillagigedo“ (Memento 24. januar 2008, Internet Archive, spansk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Revillagigedo-arkipelaget