Hopp til innhald

Revolusjonsfana frå Rjukan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Revolusjonsfana frå Rjukan» er ei arbeidarfane som blei brukt av arbeidarforeininga på Rjukan frå 1919 og framover. Ho er ein del av Noregs dokumentarv, den nasjonale utgåva av Verdsminne-programmet til UNESCO[1]
Foto: Per Berntsen/Norsk Industriarbeidermuseum

Revolusjonsfana frå Rjukan er ei arbeidarfane som blei brukt av den lokale arbeidarforeininga på Rjukan ved fleire markeringar frå 1919 og framover. Ho representerer den mest revolusjonære fasen til arbeidarrørsla i tida etter fyrste verdskrigen.[2]

Materialet i fana er eit enkelt lag lerret, og det er motiv berre på framsida. Motivet er måla av Oscar Løvaas, ein lokal arbeidarkunstnar.[3] Sjølve motivet, med teksten «Se Revolutionen LYSER OVER VERDEN» og ei idealisert attgjeving av sterke, sunne arbeidarar av begge kjønn, med gevær, fakkel og ei raud, vaiande fane med slagordet «Frihet Likhet Broderskap», gjer bodskapen tydeleg og revolusjonært. Plakaten har gjennom åra vore attgjeve i fleire historieverk, blant anna i Aschehougs Norgeshistorie og Norsk innvandringshistorie, og på forsida av Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.

Det er ikke dokumentert med sikkerheit kven som bestilte fana, men ei førehandstru er at Albert Reginald Sund, mangeårig arbeidarleiar, og medlem av lokalavdelinga av Jern og Metall, kan ha vore bestillar, og at ho til og med kan ha vore fana till denne fagforeininga.[4]

Revolusjonsfana blei sannsynligvis målt i 1918,[1], men trulig brukt fyrste gong 1. mai 1919.[5]

Revolusjonsfana er del av samlingane til Norsk Industriarbeidermuseum, og har sidan 2012 inngått i det nasjonale kulturarvregisteret Noregs dokumentarv, eit register over dei viktigste dokumenta i norsk historie. Registeret er ei nasjonal utgåve av Verdsminne-programmet til UNESCO, som skal bidra til å verne og tilgjengeleggjere verdas dokumentarv, og framstå som den kollektive hukommelsen til menneskja.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Guri Kulås (30. april 2016). «Telemarksgalleriet slår eit slag for ein truga del av den norske kulturarven: arbeidarfanene: Hevar fanene på nytt». Klassekampen, s. 20-21
  2. Norsk Industriarbeidermuseums informasjon om fanen Arkivert 19. juni 2016 på Wayback Machine.
  3. Nominasjonen av fanen …
  4. Djuve, K.H. (2011), s. 24
  5. Arkivportalen.no: Rjukan Arbeiderpartis arkiv, den andre forhandlingsprotokollen (NIA/A-1065) med informasjon om første gangs bruk av fanen



Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]