Revsnes ferjekai i Lærdal
- Sjå òg Revsnes (fleirtyding).
Revsnes ferjekai i Lærdal | |||
Kategori | Ferjekai | ||
---|---|---|---|
Underkategori | Dobbel kai, forskyvd parallell. | ||
Opna | 1966 | ||
Som del av | Europaveg 68 53 Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen | ||
Stad | Revsnes | ||
Kommune | Lærdal | ||
Fylke | Vestland | ||
Overtok for | Lærdal ferjekai | ||
Nedlagd | 1995 | ||
Erstatta av | Lærdal ferjekai | ||
Revsnes ferjekai 61°08′48″N 7°14′54″E / 61.146779100207°N 7.2483151558033°E |
Revsnes ferjekai var eit ferjeanlegg på Revsnes, midtvegs langs fjorden mellom Lærdalsøyri og Frønningen i Lærdal kommune i Vestland, og inngjekk i dåverande Europaveg 68 med ferjesambandet Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen.
Kaianlegget og den 14 kilometer lange vegen hit frå Lærdalsøyri vart bygd for å korte ned overfartstida til Kaupanger og dåverande E68 Gudvangen. Med dette vart sambanda lagde opp på nytt og Revsnes tok over trafikken frå Lærdal ferjekai (Habben) for alle samband frå 1966. Likevel måtte Habben brukast titt og ofte i etterkant då den nye vegen til Revsnes var svært rasutsett og vegen vart stengd mange gonger.
I 1995 opna ny Riksveg 5 mellom Kaupanger og Lærdal, og med dette Fodnestunnelen til Fodnes ferjekai og det nye ferjesambandet Mannheller-Fodnes. Med dette vart Revsnes ferjekai lagd ned, medan Habben nok ein gong vart nytta av stamvegferja til Gudvangen for å ta unna europavegtrafikken fram til opninga av Lærdalstunnelen i 2000.
I dag er vegen mellom Vindedal og Revsnes klassifisert som privat veg, men må reknast som rasfarleg og uframkomeleg. Revsnes ferjekai er framleis intakt, men ferjelemmane er borte.
Liste over samband med stopp på Revsnes ferjekai:
[endre | endre wikiteksten]- 1966-1995: Revsnes-Kaupanger
- 1966-1993: Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen
- 1966-1995: Kaupanger-Revsnes-Gudvangen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Finn Borgen Førsund (1998). Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja forlag. s. 161-162. ISBN 82-91722-04-8.
- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 75-80. ISBN 978-82-91722-93-1.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Kristin Ese: «Stamvegen - riksveg 5 - mellom Lærdal og Sogndal» på nettstaden til Fylkesarkivet i VestlandDenne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.