Hopp til innhald

Rex Cawley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rex Cawley
StatsborgarskapUSA
Fødd6. juli 1940
Farmington
Død 21. januar 2022 (81 år)
Orange
Idrettfriidrett
Tok del i athletics at the 1964 Summer Olympics – men's 400 metres hurdles

Rex Cawley, eigentleg Warren Jay Cawley, (6. juli 194021. januar 2022) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Highland Park i Michigan. Han vart olympisk meister på 400 meter hekk under sommarleikane i Tokyo i 1964.

Cawley deltok i USA sitt uttaksløp på 400 m hekk føre dei olympiske leikane 1960. Med tida 50,7 sekundar vart han sjuandemann og dermed ikkje teken ut til Roma-leikane. I 1963 vart han amerikansk meister på 400 m hekk, ein prestasjon han kopierte i 1965.

I 1964 i Los Angeles vann Cawley uttaksløpet til OL på tida 49,1 sekundar, ny verdsrekord med eitt tidels sekund i høve den gamle, tilhøyrande italienaren Salvatore Morale. I finalen på langhekken under Sommar-OL 1964 vann Rex Cawley på 49,6 sekundar, briten John Cooper og Salvatore Morale fekk dei andre medaljane, begge fekk notert 50,1.

Cawley la opp som friidrettsutøvar i 1965.