Reyes Estévez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Reyes Estévez


Statsborgarskap Spania
Fødd 2. august 1976 (47 år)
Cornellà de Llobregat
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996

Utmerkingar

Ordenen for sportsfortjenester, Esportista català de l'any

Reyes Estévez López (fødd 2. august 1976) er ein spansk tidlegare mellomdistanseløpar frå Cornellà de Llobregat. Han vart europameister på 1500 meter i 1998 og vann bronsemedaljane på same distansen i verdsmeisterskapane 1997 og 1999, og sølvmedaljen ved EM 2002.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Estévez kneip bronseplassen på 1500 meter under VM 1997 i Aten, einast favoritten Hicham El Guerrouj frå Marokko og hans eigen landsmann Fermín Cacho sprang fortare. Året etter sprang Estévez sjølv inn til siger på spesialdistansen i europameisterskapen i Budapest, framom portugisaren Rui Silva. Bronsen gjekk til Cacho, den forrige europameister frå 1994.

I 1999 gjorde Estévez unna sitt livs fortaste 1500 m då han med tida 3.30,5 vann ein ny bronsemedalje under VM i Sevilla, bak El Guerrouj og kenyanaren Noah Ngeny. Våren 2001 vart Estévez andremann etter Rui Silva i innandørs-VM i Lisboa, eit lite halvår seinare enda Estévez på femteplassen i VM 2001 i Edmonton. Under europameisterskapen 2002 i München kryssa Estévez og franskmannen Mehdi Baala målstreken på nøyaktig lik tid, 3.45,25, Baala vart tilkjend gull- og Estévez sølvmedaljen.

Reyes Estévez

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]