Rezen Saddle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rezen Saddle
fjellovergang
Land  Antarktis
Grensar til Rezen Knoll, Burdick Ridge
Stad Livingston Island
 - høgd 420 moh.
 - koordinatar 62°37′35″S 60°15′57″W / 62.62639°S 60.26583°W / -62.62639; -60.26583
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Rezen Saddle
62°37′35″S 60°15′57″W / 62.6264°S 60.2658°W / -62.6264; -60.2658
Rezen Saddle is located in Antarktis
Rezen Saddle (Antarktis)

Rezen Saddle (bulgarsk Rezenska Sedlovina) er eit skard på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Det er 600 meter langt og hesteskoforma med ei høgd på 420 moh. Passet ligg mellom Rezen Knoll og Burdick Ridge aust på Livingston Island, og er ein del av ruta frå Balkan snømark til øvre Perunikabreen og Bowles Ridge.

Det vart først vitja av bulgararane Kuzman Tuhtsjijev, Dimo Dimov og Ivan Tasjukov frå St. Kliment Ohridski-basen i løpet av sesongen 1994/95.

Skardet er kalla opp etter nærliggande Rezen Knoll.

Skardet ligg 5,5 km aust-nordaust for Sinemorets Hill, 3,4 km sørvest for Dimov Gate, 3,97 km vest for Omurtag Pass, 7,38 km vest for Pirdop Gate og 2,23 km nordvest for Orpheus Gate.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]