Rhône-Alpes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rhône-Alpes
Rhône-Alpes sitt våpenskjold
Fakta
Hovudstad Lyon
Regionspresident Jean-Jack Queyranne
Flatevidd 43 698 km²
Folketal 6 005 000 (2006)
Rangering 2
Folketettleik 137 innb./km²
Arrondissement 25
Kantonar 355
Kommunar 2 879
Geografi
Plassering av Rhône-Alpes i Frankrike

Departement
Ain   Ardèche
Drôme   Isère
Loire   Rhône
Savoie   Haute-Savoie

Rhône-Alpes er ein tidlegare fransk region søraust i Frankrike. Regionen hadde namn etter elva Rhône og Alpane. Frå 1. januar 2016 blei han del av den nye regionen Auvergne-Rhône-Alpes.

Rhône-Alpes var den nest folkerikaste regionen etter Île-de-France, og er takka vere mange ulike næringsgreiner ein rik region. Alt frå landbruk i Ain til turisme i Alpane og høgteknologisk kompetanse i Lyon og Grenoble medverka til å styrka økonomien i regionen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Rhône-Alpes ligg aust i Frankrike. I nord ligg dei franske regionane Bourgogne og Franche-Comté, i vest ligg regionen Auvergne, i sør ligg Languedoc-Roussillon og Provence-Alpes-Côte d'Azur. Dei austlege delane av regionen inneheld dei vestlege delane av Alpane og grensar til Sveits og Italia. Den høgaste toppen er Mont Blanc. I dei sentrale delane av regionen ligg dalane til Rhône og Saône. Desse to elvane renn i hop i Lyon. I dei vestlege delane av regionen er byrjinga av fjellrekkja Massif Central. Regionen grensar òg til Genfersjøen og Annecysjøen. I Ardèche finn ein det djupaste gjelet i Europa.

Som med resten av Frankrike er fransk det einaste offisielle språket i regionen. Mange av innbyggjarane i sør snakkar derimot forskjellige dialektar av oksitansk, men stadig færre nyttar dette språket.

Rhône-Alpes består av følgjande departement:

Byar[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 45°30′N 5°20′E