Treklatrarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rhabdornis)
Hopp til navigering Hopp til søk
Treklatrarar


Stripetreklatrar, Rhabdornis mysticalis
Stripetreklatrar, Rhabdornis mysticalis

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Sturnidae
Slekt: Rhabdornis
Artar
  • Rhabdornis mysticalis
  • Treklatrarar, tidlegare kalla filippintrekryparar,[1] er fire artar av små sporvefuglar som gjer ut for slekta Rhabdornis. Slekta er endemisk til Filippinane. Somme autoritetar reknar Rhabdornis som einaste slekta i sin eigen familie Rhabdornithidae. Clementslista, versjon 6.6 frå august 2011[2] tok inn slekta i starefamilien.

    Treklatrarar liknar trekryparar, Certhiidae, i utsjånad med mørk brun overside og lys underside. Dei har ei kvit augestripe.[1] Kjønna har ulike farger i fjørdrakta. Dei søkjer insekt i borken med det svakt nedoverbøygde nebbet. Tunga er børsteliknande og gjer dei dessutan i stand til å ta nektar frå blomar og dei kan òg ete av frø og frukt. Dei har sterke bein med lange klør. Treklatrarar plasserer reiret i ei sprekk i treet. Dei er ikkje trekkfuglar, anna enn ved lokale streif.

    Artar[endre | endre wikiteksten]

    Treklatrarar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

    • Stripetreklatrar, Rhabdornis mystacalis, Stripe-sided Rhabdornis, Temminck, 1825, (LC)
    • Stortreklatrar, Rhabdornis grandis, Long-billed Rhabdornis, Salomonsen, 1953, (LC)
    • Bruntreklatrar, Rhabdornis inornatus, Stripe-breasted Rhabdornis, Ogilvie-Grant, 1896, (LC)
    • Gråkronetreklatrar, Rhabdornis rabori, Visayan Rhabdornis, Rand, 1950, (VU)[5]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 Artikkel treklatrere på snl.no
    2. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 25. januar 2012 
    3. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
    4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
    5. BirdLife International (2019) Species factsheet: Rhabdornis rabori Henta 10. mai 2019

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]