Rhadinovirus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rhadinovirusa)
Rhadinovirus
Systematikk
Rike: Heunggongvirae
Rekkje: Peploviricota
Klasse: Herviviricetes
Orden: Herpesvirales
Familie: Herpesvirus Herpesviridae
Underfamilie: Gammaherpesvirus Gammaherpesvirinae
Slekt: Rhadinovirus

Rhadinovirus eller gamma-2 herpesvirus er ei slekt av gammaherpesvirus som kan infisera pattedyr. Dei kan vera vanlege hjå hovudverten dei infiserer (hjå over 50 % av individa i ein populasjon), men utan at sjukdomsuttrykk hjå denne arten er kjende. Likevel er det kjent at dei kan valda kreftsjukdomar hjå andre artar. Menneskeviruset Kaposi-sarkom-assosiert herpesvirus kan derimot mellom anna valda den høvesvis sjeldne kreftsjukdomen Kaposi-sarkom hjå menneske. Det er mogeleg at andre rhadinovirus òg valdar sjeldne sjukdomar hjå hovudverten, og at desse sjukdomane ikkje er oppdaga av di dei er sjeldne.[1]

Rhadinovirus vert delte inn i to grupper, rhadinovirus 1 (RV1) og rhadinovirus 2 (RV2).[2] Dei kan ta opp gen frå vertsorganismen i genomet sitt.[1]

Utanom mennesket er rhadinovirus kjende frå pattedyr som storfe, sau, hest, klatremus, vestapar og austapar.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Neipel, F.; Albrecht, J.-C.; Fleckenstein, B. (1998). «Human Herpesvirus 8--the First Human Rhadinovirus». JNCI Monographs 1998 (23): 73. doi:10.1093/oxfordjournals.jncimonographs.a024178. 
  2. 2,0 2,1 Westmoreland, S. V.; Mansfield, K. G. (2008). «Comparative Pathobiology of Kaposi Sarcoma-associated Herpesvirus and Related Primate Rhadinoviruses». Comparative Medicine 58 (1): 31–42. PMC 2703163. PMID 19793454. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.