Vatreplystrar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rhagologidae)
Vatreplystrar
Vatreplystrar
Vatreplystrar
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Infraorden: Corvidae Corvida
Overfamilie: Corvoidea
Familie: Rhagologidae
Slekt: Rhagologus
Art: Vatreplystrar R. leucostigma
Vitskapleg namn
Rhagologus leucostigma

Vatreplystrar (Rhagologus leucostigma) er ein sporvestor fugl som er monotypisk i slekta Rhagologus. Han var tidlegare trudd å vere ein medlem av plystrarfamilien, men er nyleg sett inn i sin eigen familie, Rhagologidae.[1] Han er endemisk for Ny-Guinea.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kroppslengda til vatreplystrarar varierer mellom 15 og 16,5 centimeter, massen mellom 24 og 29 gram. Denne arten syner variasjonar i fjørdrakt mellom kjønna og mellom dei tre underartane. Generelt har desse fuglane eit litt flekkete, vatrete inntrykk, panne, krone og nakke gråleg, oversida elles mørk brun til olivenfarga, undersida lysare brungul eller lys grå med mørke fjørkantar, og andlet og strupen er uklårt raudbrune. Undergumpen er raudleg. Hofuglar har sterkaste, mest kontrastrike farger, hannen av R. l. obscurus er mest gråleg over heile drakta. Alle underartar har svart nebb og bein og mørk brun iris.[2]

Føda er truleg bær og noko insekt. Utbreiingsområdet er indre Ny-Guinea, helst over 1500 moh. nokre gongar opp til 2900 moh.[2]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016 
  2. 2,0 2,1 Boles, W. (2016). Mottled Berryhunter (Rhagologus leucostigma) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 7. september 2016
  3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Rhagologus leucostigma. Henta frå http://www.birdlife.org den 7. september 2016