Rheingau
Rheingau | |||
landskap | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Rheingau 50°02′08″N 7°59′42″E / 50.035594444444°N 7.9948805555556°E | |||
Wikimedia Commons: Rheingau |
Rheingau er eit landskap vest i den tyske delstaten Hessen. Det ligg på den nordlege sida av Rhinen mellom Wiesbaden og Lorch, og strekkjer seg frå vestlege Taunus til Rhinen. Landskapet er prega av haugar og låge åsar.
Rheingau er kjent som eit vinområde. Det er eit av dei største områda i Tyskland der det blir produsert kvalitetsvin, hovudsakleg av riesling-sorten. Det finst også ei rekkje kloster, slott, borger og særs gamle byar i området. I den vestlege delen byrjar Øvre mellomrhindal, som er sett inn på UNESCO si verdsarvliste.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Rheingau var eit gau eller fylke i Frankarriket, med grenser mot Niddagau, Maingau, Oberrheingau og Lahngau.
I 983 gav Otto II av Det tysk-romerske riket Rheingau og andre territorium til Erkebispedømet Mainz. Då erkebispedømet blei oppløyst i 180 gjekk Rheingau til Hertugdømet Nassau.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]- Rheingau Musik Festival blir halden kvart år i juli og august, med arrangement på mange ulike stader i region.
- Rheingauer Weinwoche (Rheingau vinveke) blir halden i Wiesbaden kvart år i august.
- Mange byare har også sin eigen årlege vifestival.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rheingau» frå Wikipedia på bokmål og «Rheingau» frå Wikipedia på engelsk, den 1. april 2025.