Rheinland-Pfalz
![]() | |||
Hovudstad | Mainz | ||
Flatevidd
- Rangering i Tyskland |
19 853 km² 9. | ||
Folketal (2006) - Rangering i Tyskland |
4 068 179 7. | ||
Grunnlagd | 1946 | ||
Offisielle språk | Tysk | ||
Ministerpresident | Malu Dreyer (SPD) | ||
Nettstad | www.rlp.de | ||
| |||
Rheinland-Pfalz er ein tysk delstat. Hovudstaden er Mainz, arealet er 19 853 km² og folketalet 4 068 179 (2006). Rheinland-Pfalz ligg sørvest i Tyskland, og grensar til Nordrhein-Westfalen, Hessen, Baden-Württemberg, Frankrike, Saarland, Luxembourg og Belgia. Området var del av den franske okkupasjonssona etter den andre verdskrigen og delstaten vart oppretta gjennom samanslåing av Rhein-Pfalz med den prøyssiske Rhinprovinsen og delar av det vestlege Hessen.
Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]
Landskapet i Rheinland-Pfalz er prega av rhinske skiferplatå som vert gjennomskoren av dei djupe dalføra til Mosel, Rhinen og Lahn. Elvane deler landskapet i fire delar: fjell- og bakkelandskapa Hunsrück og Eifel vest for Rhinen og Westerwald og Taunus austom Rhinen. Den største elva i delstaten er Rhinen som dannar grense med Baden-Württemberg og Hessen.
Dei høgaste fjella i Eifel er vulkankjegler, i Hunsrück og Taunus kvartsittryggar og i Westerwald basaltkuplar. Dei høgaste områda i Hunsrück når opp i vel 800 moh. Bakkelandskapet i sør er dekt av Pfälzerskogen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Askheim, Svein. (2011, 7. mai). Rheinland Pfalz: geologi og landformer. I Store norske leksikon. Henta 10. februar 2014 frå http://snl.no/Rheinland-Pfalz%2Fgeologi_og_landformer.