Rhesusape

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rhesusmakak)
Rhesusape
Rhesusapehoe
Rhesusapehoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Rhesusape
Utbreiinga av Rhesusape
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Primatar Primates
Overfamilie: Cercopithecoidea
Familie: Dyreapar Cercopithecidae
Underfamilie: Cercopithecinae
Slekt: Makakar Macaca
Art: Rhesusape M. mulatta
Vitskapleg namn
Macaca mulatta

Rhesusape (Macaca mulatta) er ein makak som lever aust i Asia, der han finst frå Afghanistan i vest til kysten av Stillehavet i Kina i aust. Rhesusapen hadde siste sams forfaderen med mennesket for kring 25 millionar år sidan, og arten har vore mykje nytta til medisinsk forsking. Til dømes vart rhesusfaktoren oppdaga i denne arten, og arten har òg vore nytta til utrøyning av AIDS-vaksinar. Rhesusapar er vortne skotne opp i verdsrommet. Rhesusapen vert delt inn i seks underartar.[1][2]

Japanmakaken oppstod truleg frå austlege populasjonar av rhesusapen i pleistocen, for mellom 0,31 og 0,88 millionar år sidan, og dei to artane er framleis nært skylde.[3]

Genom[endre | endre wikiteksten]

Eit utkast av genomet til rhesusapen vart publisert i 2007 og var på kring 2,87 gigabasar.[1] Eit anna utkast vart publisert i 2011 og var på 2,84 gigabasar.[4] I det fyrste utkastet var mellom 90,76 og 93,54 % av basane i sekvensane til rhesusapen dei same som i menneskegenomet, avhengig av utrekningsmåte. Sterkt sannsynlege ortologe gen hadde i snitt kring 97,5 % av dei same basane og koda i snitt for like mange identiske aminosyrer.[1]

Fleire hundre potensielle mikro-RNA er funne i rhesusapegenomet, og alle desse er meir enn 90 % like med føregangssekvensar hjå menneske. Mange er heilt like.[5]

Det er funne 33 gen i det store vevskompatibilitetskomplekset til rhesusapen, noko som er meir enn tre gonger so mange gen som mennnesket har i dette komplekset.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Gibbs, R. A.; Rogers, J.; Katze, M. G.; Bumgarner, R.; et al. (2007). «Evolutionary and Biomedical Insights from the Rhesus Macaque Genome». Science 316 (5822): 222–34. PMID 17431167. doi:10.1126/science.1139247. 
  2. Zahn, L. M.; Jasny, B. R.; Culotta, E.; Pennisi, E. (2007). «A Barrel of Monkey Genes». Science 316 (5822): 215. doi:10.1126/science.316.5822.215. 
  3. Marmi, Josep; Bertranpetit, Jaume; Terradas, Jaume; Takenaka, Osamu; Domingo-Roura, Xavier (2004). «Radiation and phylogeography in the Japanese macaque, Macaca fuscata». Molecular Phylogenetics and Evolution 30 (3): 676. PMID 15012947. doi:10.1016/S1055-7903(03)00247-1. 
  4. Yan, Guangmei; Zhang, Guojie; Fang, Xiaodong; Zhang, Yanfeng; et al. (2011). «Genome sequencing and comparison of two nonhuman primate animal models, the cynomolgus and Chinese rhesus macaques». Nature Biotechnology 29 (11): 1019–23. PMID 22002653. doi:10.1038/nbt.1992. 
  5. Yue, Junming; Sheng, Yi; Orwig, Kyle E (2008). «Identification of novel homologous microRNA genes in the rhesus macaque genome». BMC Genomics 9: 8. PMC 2254598. PMID 18186931. doi:10.1186/1471-2164-9-8. 
  6. Pennisi, E. (2007). «Genomicists Tackle the Primate Tree». Science 316 (5822): 218–21. PMID 17431166. doi:10.1126/science.316.5822.218. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.