Rhett Lawrence

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rhett Lawrence
Rhett Lawrence with Jimi Hendrix Amplifier and '59 Burst.jpg
Aktiv1982–
Instrumenttangentinstrument
Verka sommusikkprodusent, komponist

Rhett Lawrence er ein USA-amerikansk plateprodusent og låtskrivar. Gjennom karrieren har Lawrence delteke på innspelingar som har gjeve eit sal på over 225 millionar plater og medført til over 725 gull-, platina- og diamantplater verda over. Han har produsert, vore mentor og lansert karrieren til fem artsitar som har seld meir enn 350 000 000 plater verda over.[1][2]

Han vart først kjend for å ha produsert singelen «Vision of Love» for Mariah Carey. Han produserte og skreiv den første singelen til Kelly Clarkson etter ho vann American Idol, «Miss Independent», og han har skrive og produsert songar som «Request + Line» for The Black Eyed Peas med Macy Gray, «Never Be The Same Again» med Melanie C. frå The Spice Girls og Lisa «Left Eye» Lopes frå TLC, «Angel of Mine» av Monica og Eternal, «I Wanna Be the Only One» for Eternal, trommeloopen i Bee Gees sin «You Win Again», i tillegg til songar for Whitney Houston, June Pointer frå The Pointer Sisters, Crystal Lewis, Enrique Iglesias, Victoria Beckham, Paula Abdul med Ofra Haza, Selena, Earth, Wind and Fire, Little Richard, Philip Bailey, Gladys Knight, Hilary Duff, Jessica Simpson, 98 Degrees, Crystal Bernard, Jon Anderson (Yes), Anderson Bruford Wakeman Howe, Carola Häggkvist, BeBe & CeCe Winans og Kirk Franklin.

Før han vart produsent var Lawrence ein mykje nytta syntheziser-programmerar, arrangør og studiomusikar i Los Angeles og New York og somme av artistane han arbeidde med då var Michael Jackson, Van Halen, Crosby, Stills, Nash and Young, Stevie Wonder, Barbra Streisand, Billy Preston, Gladys Knight, Anderson Bruford Wakeman Howe (Yes), The Bee Gees, Roger Hodgson (Supertramp), Julio Iglesias, Belinda Carlisle, Richard Marx, Earth, Wind and Fire, Phil Keaggy, The Gap Band, The Dazz Band, Chicago, Larry Carlton, George Benson og Earl Klugh, Boz Scaggs, Neil Diamond, David Foster, Andrae Crouch og Quincy Jones.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]