Rhind-papyursen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein bit av Rhind-papyrusen

Rhind-papyursen er ein papyrusrull og ei av dei viktigaste kjeldene for kjennskapen til tidleg egyptisk matematikk og rekning. Papyrusen er frå kring 1700 fvt. og finst i dag i British Museum. Papyrusen vart tidlegare kalla Ahmes' reknebok etter avskrivaren Ahmes, men vert no vanlegvis kalla Papyrus Rhind etter den tidlegare eigaren. Papyrusen inneheld forklaring til og døme på brøkrekning, areal- og volumutrekningar og problem som i dag ville vorte løyst med lineære likningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Rhind/matematikk «Papyrus Rhind – matematikk» i Store norske leksikon, snl.no.