Rhingullet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rhingullet (Das Rheingold)
WWV 86A
Opera av Richard Wagner

Donner kallar på torevêret, illustrasjon av Arthur Rackham (1910)
PeriodeRomantikken
Urframføring22. september 1869
Typisk lengdca. 2 ½ timar
Satsar/akter4 scener
Libretto avRichard Wagner

Rhingullet (tysk Das Rheingold), WWV 86A, er ein opera med tekst og musikk av Richard Wagner, og inngår som det første av fire musikkdrama som utgjer Wagner sin operasyklus Der Ring des Nibelungen. Han vart framført som ein enkelt opera ved Nationaltheater München 22. september 1869 og hadde den første framsyninga si som ein del av Ring-syklusen i Bayreuth den 13. august 1876.[1]

Som "innleiande aftan" (Vorabend) til syklusen, gir Rhingullet bakgrunnshistoria for hendingane som driv hovuddramaa til syklusen.

Operaen fortel om Alberichs tjuveri av rhingullet etter at han forbante kjærleiken; skapinga hans av den allmektige ringen frå gullet og herredømmet hans over nibelungane; Wotans beslag av gullet og ringen for å betala gjelda si til kjempene som har bygd festninga hans Valhall; Alberich si forbanning over ringen og eigarane dens; Erda si åtvaring til Wotan om å gi opp ringen; den tidlege manifestasjonen av makta til forbanninga etter at Wotan gir ringen til jotnane; og inntoget av gudane i Valhall, i skuggen av den foreståande undergangen deira.

I Rhingullet nyttar Wagner eit kompleks system av leiemotiv, musikalske frasar knytt til personar, idear eller gjenstandar. Leiemotiv-systemet blir vidareført og utvikla i dei tre hovuddelane i Ring-syklusen; Valkyrien, Siegfried og Ragnarok (Götterdämmerung).[2]

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Skildring[3] Stemmeleie[4] Premierebesetninga i München[1]

Dirigent: Franz Wüllner

Premierebesetninga ved den første Bayreuth-festivalen[1]

Dirigent: Hans Richter

Gudar
Wotan Guden for krig og kontraktar, herskaren til gudane bass-baryton August Kindermann Franz Betz
Loge Halvgud for elden, den manipulerande tenaren til Wotan tenor Heinrich Vogl Heinrich Vogl
Fricka Ekteskapsgudinna, ektefellen til Wotan mezzosopran Sophie Stehle Friederike Grün
Freia Gudinne for kjærleik og venleik, vaktar for dei gylne epla, søstera til Fricka sopran Henriette Müller-Marion Marie Haupt
Froh Guden for våren og sola; den milde broren til Freia tenor Franz Nachbaur Georg Unger
Donner Guden for torevêr; Freias stridslystne bror baryton Karl Samuel Heinrich Eugen Gura
Erda Gudinna for jorda og visdommen alt Emma Seehofer Luise Jaide
Nibelunger
Alberich Maktsjuk dverg, herskar over nibelungane baryton Karl Fischer Karl Hill
Mime Bror til Alberich, ein feig, men dyktig metallsmed tenor Max Schlosser Max Schlosser
Jotnar
Fasolt Kjempe, forelska i Freia bass Toni Petzer Albert Eilers
Fafner Kjempe, den omsynslause broren til Fasolt bass Kaspar Bausewein Franz von Reichenberg
Rhindøtrer
Woglinde Elvenymfe sopran Anna Kaufmann Lilli Lehmann
Wellgunde Elvenymfe sopran eller mezzosopran Therese Vogl Marie Lehmann
Floßhilde Elvenymfe mezzosopran Wilhelmine Ritter Minna Lammert

Kjente utdrag[endre | endre wikiteksten]

  • Forspelet
  • Forvandlingsscene, scene 1-2
  • Loges forteljing («Immer ist Undank Loges Lohn!»), scene 2
  • Nedstiginga til Nibelheim, scene 3
  • Alberichs forbanning («Bin ich nun frei?»), scene 4
  • Erdas åtvaring («Weiche, Wotan, weiche»), scene 4
  • Donner kallar på torevêret («He da! He da! He do! Zu mir, du Gedüft!»), scene 4
  • Wotan si hylling til gudeborgen («Abendlich strahlt die Sonne Auge»), scene 4
  • Gudane sitt inntog i Valhall, scene 4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Das Rheingold: Performance History», opera.stanford.edu, henta 2. mai 2022 
  2. The Wagner compendium : a guide to Wagner's life and music, Barry Millington, Thames & Hudson, 2001, s. 234–235, ISBN 978-1-322-67084-3, OCLC 901193483, henta 2. mai 2022 
  3. Holman, J. K. (2001), Wagner's ring : a listener's companion & concordance, Amadeus, s. 173–205, ISBN 1-57467-070-0, OCLC 244013043, henta 2. mai 2022 
  4. Holman, J. K. (2001), Wagner's ring : a listener's companion & concordance, Amadeus, s. 47, ISBN 1-57467-070-0, OCLC 244013043, henta 2. mai 2022 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dieter Borchmeyer (1982) Das Theater Richard Wagners. Idee ─ Dichtung ─ Wirkung, Stuttgart (Reclam); Engelsk oversettelse: Drama and the World of Richard Wagner, Princeton (Princeton University Press) 2003, ISBN 978-0-691-11497-2.
  • Deryck Cooke (1979) I Saw The World End. Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-315318-9.
  • Robert Donington (1963). Wagner's 'Ring' and its Symbols. London: Faber and Faber.
  • J.K. Holman (2001). Wagner's Ring: A Listener's Companion & Concordance. Portland, OR: Amadeus Press. ISBN 978-1-57467-070-7
  • Barry Millington (1992). "The Music: Operas". In Barry Millington (ed.). The Wagner Compendium. London: Thames and Hudson. ISBN 978-0-50028-274-8.
  • Roger Scruton (2016). The Ring of Truth: The Wisdom of Wagner's Ring of the Nibelung. London: Penguin Books. ISBN 978-0-141-98072-0.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rhingullet