Hopp til innhald

Rhins of Galloway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rhins of Galloway
halvøy
Land  Storbritannia
Kart
Rhins of Galloway
54°51′N 5°03′W / 54.85°N 5.05°W / 54.85; -5.05
Kart over Rhins of Galloway

Rhins eller Rhinns of Galloway (skotsk-gælisk Na Rannaibh) er ei halvøy på vestkysten av Skottland. Ho ligg i regionen Dumfries and Galloway. Halvøya er forma som eit hammarhovud, frå nord til sør er ho omtrent 40 kilometer lang, den sørlege odden av halvøya er Mull of Galloway.

Dei største busetjingane er Stranraer i botnen av fjorden mellom halvøya og fastlandet i nord, og Portpatrick på vestkysten, andre landsbyar på halvøya er i nord Kirkcolm, Leswalt og Lochans, og i sør Stoneykirk, Sandhead, Ardwell og Drummore.