Rhys Williams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rhys Williams under EM i Helsinki

Rhys Williams (fødd 27. februar 1984) er ein britisk friidrettsutøvar frå Cardiff i Wales som vann gull, sølv og bronse på 400 meter hekk i europameisterskapane 2006-2012.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Med sluttida 49,12 sekundar kneip Williams bronsemedaljen på 400 m hekk under EM i friidrett 2006 i Göteborg, ein hundredels sekund føre franske Naman Keïta. I den neste europameisterskapen, som fann stad i Barcelona i 2010, sprang Williams inn til 48,96 og personbeste, langt etter landsmannen, walisaren Dai Greene. Under EM i friidrett 2012 i Helsinki vann Williams gullmedaljen på langhekken, trass den relativt svake løpstida 49,33 sekundar. Williams gjorde sitt snøggaste langhekkløp i Luzern den 12. juli 2013, der han vart klokka inn på 48,86 sekundar.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Williams vart i juli 2014 hekta i ein dopingkontroll. Han vart stengd ute frå idretten i 6 månader, etter som han uforvarande hadde fått i seg det skadelege stoffet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]