Rhythm Tengoku

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rhythm Tengoku
Utviklar(ar)Nintendo SPD
J.P.Room Recordings
Utgjevar(ar)Nintendo
Komponist(ar)Tsunku
Masami Yone
Plattform(er)Game Boy Advance
UtgjeveJP: 3. august 2006
SjangerRytme
SpelemodusEinspelar

Rhythm Tengoku er eit rytmespel utvikla og utgjeve av Nintendo. Spelet blei utgjeve i Japan i august 2006 til Game Boy Advance og var det siste spelet Nintendo utvikla til plattforma. Det har fått tre oppfølgjarar: Rhythm Paradise til Nintendo DS, Beat the Beat: Rhythm Paradise til Wii og Rhythm Paradise Megamix til Nintendo 3DS.

Spelemekanikkane i Rhythm Tengoku fokuserer på å gje spelaren informasjon i form av lydsignal istaden for visuelle vitringar. Spelet har ei samling av etappar med ulike rytmar, spelemekanikkar og tema. Spelaren følgjer rytmen frå start til slutt og får tildelt ein poengsum basert på prestasjonen gjennom etappen.

Gruppa som utvikla spelet tok dansekurs for å utvikle eit kollektivt medvett om rytme, etter tilråding frå komponisten Tsunku.[1] Ein av etappane har ein lauk med eit andlet som spelaren skal nappe hår frå i takt med musikken. Etappen skulle opphavleg ha eit ekte andlet, men det blei sett på som «litt for drygt».[2] Mange av etappane er basert på japansk kultur, mellom anna samuraiar, ninjaer, fyrverkeri og festivalen o-bon. Det har vore trekt parallellar mellom Rhythm Tengoku og WarioWare-serien frå den same utviklaren.[3][4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]