Rhythm of Love av Alena Lanskaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Rhythm of Love»
Singel av Alena Lanskaja
Land Kviterussland
Språk Engelsk
Utgjeve 2012
Låtskrivar(ar) Leonid Shirin, Yuri Vashchuk og A. Shirin

«Rhythm of Love» ville vere det kviterussiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførd på engelsk av Alena Lanskaja. Songen er skriven av Leonid Shirin, Yuri Vashchuk og A. Shirin.

Eurofest 2013[endre | endre wikiteksten]

Lanskaja deltok med songen i Eurofest 2013 og vann finalen 7. desember 2012. Det var andre året på rad ho vann tevlinga, men fyrste gong ho får representere Kviterussland i Eurovision Song Contest. Ho fekk tolv poeng frå både fjernsynssjåarane og juryen.[1]

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Etter sigeren i Eurofest 2013 var det «Rhythm of Love» som fyrst vart presentert som det kviterussiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013. 5. mars 2013 annonserte Nayjanalhaja dziarzjaunaia teleradyjokampanija Respubliki Belarus (NDTRK RB) at «Solayoh», skriven av Marc Paelinck og Martin King, vart valt ut til å representere Kviterussland i staden for «Rhythm of Love».[2] Songen vil verte framførd i den fyrste semifinalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Brey, Marco (7. desember 2012). «Alyona Lanskaya to represent Belarus in Malmö!». European Broadcasting Union (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 7. desember 2012. 
  2. «Belarus at the Eurovision Song Contest 2013» (engelsk og kviterussisk). ESCKaz. Henta 5. mars 2013.