Ri Kwang-Chon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ri Kwang-Chon
Ri Kwang-Chon.JPG
Personleg informasjon
Fødd 4. september 1985
Fødestad Nampho
Høgd 182 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Sportsgruppa 25. april
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999- Nord-Korea Sportsgruppa 25. april
Landslag
2001- Nord-Korea Nord-Korea 38 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga
‡ Landslagsmål oppdatert 7. desember 2009

Ri Kwang-Chon (fødd 4. september 1985) er ein nordkoreansk fotballspelar som spelar i forsvar for klubben til den nordkoreanske hæren, Sportsgruppa 25. april, i den nordkoreanske fotballigaen, og for det nordkoreanske landslaget.

Ri har vore ein av nøkkelspelarane på landslaget til Nord-Korea heilt sidan 2004/05, og spelte ti kampar under kvalifiseringa til fotball-VM i 2006. Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 utgjorde han saman med Ri Jun-Il, Pak Nam-Chol og Cha Jong-Hyok Nord-Korea si faste forsvarsrekkje, som saman med keeperen Ri Myong-Guk klarde å halda buret reint i 10 av dei 14 kampane i andre og tredje kvalifiseringsrunde.