Ri Se-gwang
Utsjånad
Ri Se-gwang | |
Statsborgarskap | Nord-Korea |
Fødd | 21. januar 1985 (39 år) Sør-Hamgyong |
Idrett | turn |
Tok del i | Asialeikene 2006, Turn under Sommar-OL 2016 |
Ri Se-gwang (fødd 21. januar 1985) er ein nordkoreansk tidlegare turnar som tre gongar vart verdsmeister og i 2016 olympisk meister hopp.
Ri sikra seg bronsemedaljen i hopp ved Turn-VM 2007 i Stuttgart. Sju år seinare vann han gullmedaljen i øvinga då Turn-VM 2014 vart avvikla i Nanning i Kina. Året etter forsvarte han VM-tittelen i hopp ved Turn-VM 2015 i Glasgow. Også i dei olympiske leikane 2016 i Rio de Janeiro vart Ri bestemann i hopp-tevlinga. Under Turn-VM 2018 vart Ri verdsmeister i hopp for tredje gong.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ri Se-gwang» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2024.